På denne sida kan du som politikar og veljar i Jølster legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Jølster på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.

Stem Høgre til nye høgder

Vi meiner Jølster fortjener eit politisk styre med optimisme og framtidstru!

Vi meiner Jølster fortjener ei betre og raskare utvikling etter gode og langsiktige mål.

Ta ikkje demokratiet for gitt

Appell 22.08.2011

Jølster Arbeidarparti sitt program byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOMLIKEVERDSOLIDARITET

Bruk røysteretten på måndag, og stem på eit parti som vil det beste for alle i bygda

Jølster Frp er eit liberalistisk parti som byggjer på Norges grunnlov, norsk og vestleg tradisjon og kulturarv med basis i det kristne livssyn. Vi går for mindre byråkrati og mest muleg friheit for enkeltmenneske. Vi ynskjer å ta vare på, og utvikle det gode bumiljøet vi har i bygda, både for unge og gamle. Vil ta vare på og vidareutvikle dei gode skulane og det gode lærarmiljøet i bygda.Vi satsar og på å ha bassenget på Skei skule ope heile året. Likeeins bør det bli betre gymfaselitetar på Vassenden skule. Vi vil gå for fleirbrukshall i tilknyning til skulen dersom der er økonomi til det.

Bruk røysteretten

Nedanfor føl appellen eg heldt under demokratikvelden i Gjesthalla, 22.08:

Gode velgjarar

Venstre og KrF går i vatnet!

Foto: Gunn Bjørset

Dersom vi vil, får vi hallen til !

Jølster Venstre har programfesta at vi skal etablere ein fleirbrukshall i Jølster i tilknyting til skulane på Vassenden. Vassenden Skule manglar mykje kroppsøvingsareal i høve til det aukande elevtalet, og idretten i kommunen har eit hallbehov til idrettar som handball, volleyball, og annan innandørs trening.

Vassenden-Eikås har ikkje i dag noko forsamlingshus som er stort nok til å romme 17.mai arrangement og andre arrangement når desse krinsane samlast. Tida er inne til å ta eit skikkeleg grep, ikkje berre flikke på gamle bygningar, eller bygge for smått. Dersom vi verkeleg vil, får vi denne hallen til !

Må vi ta Astrup og Eikaas tilbake?

Gerd Sunde Førde skriv her i eit tidlegare innlegg at Senterpartiet i Jølster vil ta tilbake Astrup og Eikaas kunstmuseum som no blir drifta av Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Dette er litt merkeleg når ein veit at Jølster kommune sa opp avtala med Kunstmuseet i 2009 for å revurdere avtala. Kommunestyret vart då samstemte på at vi måtte fortsette med å la Kunstmuseet drifte Atruptunet og Eikaasgalleriet, mykje fordi det var vanskeleg å få tilskot dersom vi sto åleine. Dette er berre 2 år sida, så eg er litt forundra at Senterpartiet har endra meining så fort. Gerd skriv at besøkstala har gått nedover etter at Kunstmuseet tok over drifta, og det er riktig, men eg tvilar på at besøkstala ville vore så mykje betre om kommunen hadde driftsansvaret.

Gerd skriv og at turistbygda Jølster står og fell med Astrup og Eikås. Med dei låge besøkstala som er no så trur eg faktisk det har minimal betydning.

Kjære førstegongsveljar til kommunevalet i Jølster!

Som student i Bergen, men med røysterett i Jølster, kan det kanskje synest litt vanskeleg og rart å skulle engasjere seg i det som skjer heime i denne vakre bygda. Det er kanskje lett å tenkje at ”Eg kan vel ikkje utrette noko for heimstaden min, no når eg no sit fleire titals mil heimanfrå”, men er det slik?

Det stemmer nok ikkje. Kva ønskjer eg at Jølster skal vere i framtida? Kva skal til for at eg har lyst til å bu her? Ved å stille og svare på desse spørsmåla, kan eg og du vere med å forme Jølster til ein kommune vi har lyst å flytte attende til etter fullført utdanning. Jølster er ei vakker naturbygd med mykje potensiale, og det må vi som engasjerte borgarar jobbe for å nytte på best mogleg måte. Dette engasjementet kan og bør vere tilstades, også for oss som bur vekke grunna utdanning.

Kjære Jølstringar! Vi må ta Astrup og Eikaas tilbake!

På 90-talet var eg så heldig å ha verdas kjekkaste sommarjobb, nemleg å jobbe som guide ved Astruptunet i Jølster. Dagane var fylt av glade turistar og lokalbefolkning som besøkte tunet for å lære om Astrup sitt liv og nyte vakker kunst. Vi som jobba der, var berre vanlege ungdommar frå Jølster. Ingen av oss var utdanna innan kunsthistorie eller vitenskap, men vi var jølstringar med stor J. Vi var glade og stolte over bygda vår, som Astrup så vakkert hadde foreviga med målarpenselen. Det var med hjartans fryd vi kunne stogge gruppa vår på veg opp mot galleriet, og be dei om å snu seg mot fjella i nord, og pirre fantasien deira litt, slik at dei såg isdronninga som låg der naken og vakker i fjella over Huus. Det var med glede vi ungjentene måtte endre på rekkjefølgja over kven som skulle ta neste tur, fordi vår aldrande kollega og førebilete, Gunnar Nedrebø brukte så lang tid på sine omvisningar, at vi kom heilt ut av tidsskjema. For vi visste at dei turistane som var så heldige å få ein guida tur med han, dei la att mykje pengar i kafeen etterpå, glødande og lukkelege over det dei hadde høyrt og sett.

På 90-talet var eg så heldig å ha sommarjobb ved Eikaasgalleriet. Det var den gongen det gjekk turistbåt over vatnet, som frakta kunstglade turistar fram og tilbake mellom galleria til Jølster sine to store søner. Det var den gongen Eikaas sjølv stakk innom fleire gonger i løpet av sommaren og flørta med oss ungjentene som stod bak disken. Det var den gongen Brynhildsen kom til Jølster med Astrupkunsten sin, og musikklaget spela i snøkavet utanfor Eikaasgalleriet ein vakker dag i mai. Det var ein stor dag i Jølster, og vi ungjentene fekk kapra oss ein dans med Astrup-milionæren i Borgja om kvelden, etter å ha jobba 14 timar i strekk på steingolv i Eikaasgalleriet med bunadsko!

Kulturskule for alle - har vi råd å la vere ?

Regjeringa si målsetjing for kulturskuletilbodet er eit ”kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris, for alle barn som ønskjer det”. Opplæringslova slær fast at ”alle kommunar skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane.

Korleis står det til i din kommune? Mange kommunar i Sogn og Fjordane har eit oppegåande kulturskuletilbod, medan andre har eit minimumstilbod. Nokre få har faktisk ikkje noko som helst. Får alle som ynskjer det eit tilbod der du bur?

Vil vi ha gode pedagogar i Jølster?

Dersom svaret er ja, må politikarane sjå på to saker i tida som kjem:

Stand i valkampen

Jølster KrF vil halde stand saman med dei andre partia lørdag 3. sept. og lørdag 10.sept. på Skei og Vassenden, Jølstraholmen frå kl. 10.00 til 14.00

Program for Jølster KrF 2011 - 2015

Politisk program for Jølster KrF 2011 – 2015

Jølster, ein landbrukskommune med vel 3000 innbyggarar, strategisk plassert i fylket der Skei kan vere eit naturleg knutepunkt for Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

SV satsar på skulen - og lærarane !

SV SATSARSKULEN – OG LÆRARANE !

Skulen er den viktigaste fellesarenaen i samfunnet i dag- også i Jølster. SV har gjennom fleire år vore ein pådrivar for både skuleutbygging og ei styrking av tilbodet i skulen. Dette er ei satsing vi vil halde fram også dei neste fire åra.

Jølster Høgre sitt kommunevalprogram 2011-2015. Glad i Jølster!

Jølster Høgre vil at Jølster kommune skal være ein attraktiv kommune å etablere seg i for alle, både når det gjeld busetjing, oppretting og drift av næring.

Jølster kommune er ein god kommune å bu i. Kommunen har låg arbeidsløyse, gode tenestetilbod og ein stabil populasjon.

Breiband som grunnlag for næringsutvikling og busetnad

Breiband med høg kapasitet er ein føresetnad for at næringsliv og innbyggarar skal ha lik tilgang til informasjon og digitale tenester uavhengig av kvar dei er lokalisert, og dette legg til rette for at arbeidsplassar kan skapast uavhengig av geografi.

Valbrosyre Jølster Frp.

Legger ut valbrosyre for Jølster Frp. Innlegget er kopi av valbrosyra. Skulle skrifta synes små. kan du venstre-klikke på den aktuelle siden. Da får du en større utgave, som blir bedre å lese.

Partiprogramma i forhold til vedteken økonomiplan

Eg trur alle velgjara skal ta seg tid å gå inn på Jølster kommune si heimeside å sjå kva partia var med på å vedta når økonomiplana for dei 4 neste åra vart vedteken på kommunestyremøte i juni.

Fest for demokratiet

Det var ei fin markering av valkampopninga i Gjesthalla måndag kveld. Rundt 130 menneske høyrde Frank Årebrot sitt interessante kåseri og tankevekkjande appell. Partia presenterte seg med innlegg og valtorg, og asylmottaket på Vassenden hadde laga velsmakande mat. Takk til alle som medverka til rigging, kaffikoking, servering og opprydding!

Nedanfor finn de min appell frå festkvelden.

Les mer…

Ein god arbeidsgjevar

Tilsette med skikkelege lønns- og arbeidsvilkår er avgjerande for å sikre gode omsorgstilbod og trygge oppvekstvilkår i kommunane. Gode vilkår for dei tilsette er viktig både for å rekruttere tilsette til barnehagar, skular og sjukeheimar, og for å sikre høg kvalitet på tenestene. Derfor skal SV vere pådrivar for ein god kommunal arbeidsgjevarpolitikk.

Valprogram Jølster senterparti 2011- 2015

Program for Jølster Senterparti 2011-2015.

Kultur og reiseliv

Jølster kommune har verdifulle kulturtradisjonar og eit mangfaldig organisasjonsliv. Jølster Senterparti vil satse på Jølster som kulturkommune, der lag og organisasjonar får gode vilkår. Vi vil samarbeide med reiselivsnæringa i denne satsinga.

Viktige saker:

• Det skal vise att i alt kommunalt arbeid at Jølster er ein nynorskkommune. Vi skal ta vare på nynorsk som skriftspråk, og gjere barn og unge merksame på samanhengen mellom dialekt og identitet. Dette må vere grunnleggjande i barnehage og skule.

• Jølster Sp vil opprette ei stilling med ansvar for kulturlivet.

• Kulturmidlane til frivillige lag og organisasjonar i bygda vert framleis prioritert.

• Tusenårsstaden vår er på Ålhus. Jølster Sp vil arbeide for å utvikle denne til møteplass for bygda og reisemål for turistar.

• Arbeide for å auke aktiviteten ved musea i Jølster kommune, og ivareta og utvikle Astruptunet og Eikaasgalleriet.

• Jølster Sp vil halde fram tilflyttar- og bulystprosjekta.

• Jølster kommune har godt høve til å utvikle reiselivsnæringa ved å bruke natur- og utmarksressursar. Jølster Sp vil leggje til rette for å bruke dei rike ressursane vi har i natur, vilt, fisk og naturguiding.

• Jølster Sp meiner tida er inne for å byggje tilkomst til Jostedalsbreen Nasjonalpark, også frå Sunnfjord.

• Jølster Sp vil arbeide med ideen om å byggje opp eit nasjonalt innlandsfiskesenter.

Les mer…

Jølster Arbeidarparti, Kommunevalprogram 2011-2015

Programmet til Jølster Arbeidarparti 2011-2015 byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om

FRIDOMLIKEVERDSOLIDARITET

Jølster er ein kommune med rike tilhøve for oss som innbyggjarar. Det vi har felles er ein vakker natur, eit mangfaldig kulturliv, ei unik geografisk plassering i fylket, gode oppvekstvilkår og mogelegheiter for næringsutvikling. Jølster Arbeidarparti vil ta vare på og vidareutvikle desse verdiane på ein sunn og rettferdig måte der alle er med.

Jølster Arbeidarparti vil prioritere kommunen sine primærområde – barnehagar, skule, helse og omsorg og kultur. For å få til dette, må vi ha fokus på næringsutvikling og ei forsvarleg utnytting av våre felles ressursar. Samarbeid med nabokommunar, fylket og stat må leggast stor vekt på og utviklast vidare, samstundes som dette ikkje skal gå på kostnad av identitet og tilknyting.

Les mer…

Jølster Venstre Kommunevalprogram 2011-2015

Grunnsyn og ideologi – Folk først

Venstre byggjer sin politikk på dei liberale ideane der respekten for det einskilde mennesket står i sentrum. Alle menneska er frie og likeverdige, og i Venstre er vi opptekne av å setje folk først. Venstre skal formidle eit verdisyn bygd på vår kristne kulturarv, toleranse og humanistisk forståing i ei omskifteleg verd. Venstre vil ha eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn, der folk har fridom og høve til å skape sin eigen veg til det gode liv, og vi tar ansvar for kvarandre og for miljøet.

TILBAKE TIL HOVUDSIDA:

Val 2011 Jølster

Følges av 56 medlemmer.

Val 2011 Jølster er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Jølster. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen

Origo Val 2011 Jølster er en sone på Origo. Les mer
Meiningsmåling

Kva parti ville du stemt
viss det var val i dag?

Annonse